Jon Rømmesmo:
For skoleelevar: Liv i krig og fred i bronsealderen.
Helleristningane frå bronsealderen på Sundvollen og ved Berget er veldig enkle. På Sundvollen er det mesta berre båtar og ved Berget ’skip’. Berget har i tillegg ein labyrint. (Den er sjeldan som helleristning.) Bilete av dyr og menneske finst ikkje her – berre strek, som skal symbolisere menneske.
Men vi er så heldige at vi kan gå til den svenske vennskapskommunen vår: Tanum. Der kan vi oppleve noko meir av fortida og møte menneske og dyr frå bronsealderen. Dersom du bruker lenkane, kan du og sjå korleis husa såg ut i den tida.

Bronsealderskip. Hole. Norge. Det var 14 mann som padla
+ ein mann som styrte og ein hadde kommandoen.

Helleristning. Skip. Tanum. Sverige
På helleristninga frå Tanum ser vi at det er to menn
som er viktigare enn dei andre, ein foran og ein bak.
Dei har hjelmar med horn på hovudet. Det ser ut til å vere 12 padlarar her.

Liten båt. Bronsealder med 5 mann ombord. Hole. Norge. Ein av dei var vel sjefen?

Fiske i bronsealderen. Tanum. Sverige.
Desse to båtane var ikkje stokkbåtar og dei var ganske lette.
Den vesle ”utveksten” bak på kjølen på båe båtane var vel ein stabilisator,
ei tyngde for å hindre at båtane velta.

Bronsealder. To oksar og ei vogn, Tanum. Sverige.
Vogn og oksar er ”bretta ut” så det blir mest mogleg tydeleg korleis dei ser ut.

Bronsealder. Pløying med to oksar. Tanum. Sverige.
Denne plogen kallar vi ard. Den er laga heilt av tre.

Krigar frå bronsealderen.Tanum. Sverige

Mann med spyd og skjold. Tanum. Sverige.
Krigarar med runde skjold er som regel frå ei eldre tid enn dei med 4-kanta skjold.

Krigar. Tanum. Sverige

Lurblåsarar med hjelm. Tanum. Sverige
I bronsealderen var keltarar og norrøne menn ofte nakne når dei kriga eller dyrka gudane sine.

Hestar og menneske. Tanum. Sverige.

Mann med skjold, pil og boge. Tanum. Sverige.

Dei bileta frå Tanum, som du har sett her, har vi endra på den måten at vi har gjort dei så tydelige som mogleg. Det har vi gjort fordi tida har tært på helleristningane, gjort noko av dei mindre synleg. Linken til helleristninger i Tanum viser korleis dei ser ut på bergflatene no.
Klikk på linkane til:
Vitlycke museum: Med m.a. helleristningar og bronsealderhus.
Helleristninger i Tanum: Bruk kartet. Klikk på dei raude rundingane.
Universitetet i Bergen: Avsnittet om bronsealderen. Arbeidsoppgåver.
Fornminne i Rogaland: Bronsealderen: Klikk på dei blå rundingane. Her er det illustrasjonar - bilete frå livet i bronsealderen, m.a. av drakter.
Stavanger museum.
25.03.2006 Rømmesmo/Viktil