Jon Rømmesmo:

 

HELLERISTNINGANE I HOLE

 

Dei fleste helleristningar er frå bronsealderen. I Hole har vi helleristningar på Sundvollen og ved garden Berget lenger ute – mellom Utvika og Nes. Ristningane på fjellsida ved Berget er laga med sikker linjeføring. Det ser ut til at ”kunstnaren” (”kunstnarane”) kjente godt til skipa dei laga bilete av. Kanskje har dei vore med og laga desse skipa. Dei har fått ulik utforming på fjellveggen. Ser vi her ”individuelle” skip som har trafikert Tyrifjorden for 2 – 3000 år sidan?

Først til helleristningane på
SUNDVOLLEN: Ristningane på den horisontale steinflata ved gamleskolen på Sundvollen er av eit heilt anna slag. Dei er ikkje så profesjonelt utført og viser stokkbåtar for 5 – 6 – 7 personar, som padla. Ein stokkbåt vart laga av ein trestamme. (Det var også ein tofura båt på steinen. Den ser ikkje ut til å vere fullført). Steinen var kan hende ein offerstein. Dersom den var det, har det her runne mye dyreblod – kanskje også menneskeblod. I tillegg til båtristningane er det tre skålgroper og to minne om soldyrkinga, som vi veit var vanleg i bronse- og jernalder: konsentriske sirklar. Vi kan tenke oss at denne staden også vart bruka som festplass.

På biletet av helleristningane ser vi at det meste er laga med ”ristaren” plassert på nedsida av biletet. Men i alle fall ein båt og ”solmennesket” er laga frå den andre sida. Er det gjort seinare enn det andre på steinen? Denne båten og den store tofura er meir i slekt med ristningane ved Berget.

Figuren, som eg har kalla ”solmenesket”, meiner eg svarar til dei figurane vi finn på andre helleristningar i Vestfold og Østfold. Kanskje har ”ristaren” hatt eit vagt minne om spiralen, som ofte blir brukt andre stader?

Korleis vart stokkbåtane laga? Dei vart laga av store trestammar, som dei hogg og skava innmaten ut av. For eksempel lindetra eigna seg godt til dette. Det kan hende dei kjende den teknikken vi har sett i bruk i seinare tider med å ”brette eller tvinge ut” den øverste kanten av båten? Sjå teikningane.

 

Stokkbåtar er heilt ned til vår tid laga på denne måten:

bilde 30

 

 

 

 

bilde 10

 

bilde 11bilde 12

 

bilde 13 bilde 15

 

bilde 14

Helleristning Sandefjord
(Hauge, Haugen)

 

TYRIFJORDEN (og elvene) VAR VEGEN – og var det enno i fleire tusenår. I 1905 for eksempel var det enno dampskipskaier kring Tyrifjorden – og skip i rutefart. Sia har vegane teke over.

BERGET: Ein gong på 1850-talet var det ein mann som rodde langs med berget ved garden Berget i Hole. Han leitte etter eit minnesmerke om ei ulykke. Det var hogge inn i bergsida ein stad. Det var eit nygift par som var omkomne i ein storm på fjorden. nøye såg han etter at han oppdaga helleristningar, som var over 2000 år gamle. Det var vanskeleg å sjå dei, for viss det hadde vore farge i streka, så var den borte for lenge sidan. Til no er det funne ristningar av minst 7 tofura skip. Dei to lengst i nord stemner mot nord, dei fem andre mot sør, mot sola. Eitt av dei er ein mindre robåt. Det er også ei ristning av ein labyrint. Heilt for seg finn vi ved Nes ei stor steinhelle med to sirklar på sol og måne.

Bilde 3

Eitt av skipa frå Berget. Etter: ”Fornminner i Buskerud”, Oslo 1985.

 

Av ristningane kan vi ikkje finne noko, som tyder på at dei er skapte i eit bonde- eller jegarsamfunn. Det er ingen bilete av dyr her. Det einaste er stamnen på noen av båtane. Han viser eit hestehovud. Hesten kom hit i bronsealderen og vart sikkert brukt som eit symbol på styrke. Var dette eit lite samfunn av krigarar eller røvarar? Ein litt mindre spennande moglegheit er det at dei kanskje dreiv med transport. Frå Berget hadde dei godt oversyn over ein stor del av fjorden. Kor lang tid var dei her dei folka, som laga ristningane? Det veit vi ikkje.

Bilde4

 

Hestehovud frå ristning i Berget:

 

 

Bilde5Hestehovud frå ristning i Østfold.

 

 

Vestsida av Tyrifjorden var ein gamal transportveg mot Oslofjorden og havet og tilbake mot innlandet.(Seinare vart vegen over Lier mest brukt.) Både aust og vest for Tyrifjorden var det utrygge og farlege skogsområde.

 

Så litt om båtane:
Dei hadde plass til ca. 11 – 16 padleårar. Båtane var bygd opp av trestammar, som vi må tru var bøygd i varme og damp. På spantane, som gjekk på tvers av skipet, var det anten trekt dyrehuder, eller det var trebord, som var sydd saman med bastsnorer. Korleis vi veit det? Les skildringa her om det danske jernalderskipet frå Als i Danmark:

 

bilde6bilde7

Linnaeus’ reise til Lappland 1732.
Båt sydd med bastsnor eller snor laga av sener.

 

bilde8

Sideborda kunne lagast ned til 1,2 cm tjukke.

 

bilde9

 

 

bilde10

Foto: Ulf Güssow

 

 

bilde17

 

bilde 16

 

bilde18

Ein labyrint var opprinneleg til å gøyme seg i. Ein som gjekk inn i den ville gå seg vill. Den første vart bygd i det gamle Hellas av kong Minos for å gøyme Minotaurus, som var sonen til dronninga.. I bronsealdrens Norge finn vi labyrinten m.a. som helleristning på Berget og på smykker – truleg som eit magisk vern.

 

bilde19bilde20

 

bilde21

 

 

bilde 30

Berget, Hole: Helleristning

Ein av helleristningsbåtane frå Berget med 12 padlarar, 1 rorkar og 1 skipsførar (?).

Foto: Ulf Güssow.

 

bilde 31

Dei to helleristningsbåtane som er lengst i nord stemner mot nord. ("Nord og ned"?).
Dei andre båtane stemner mot sør – mot sola.

(Foto: Bjarte Rømmesmo)

 

Helleristning 7aHelleristning 7b

Berget. Helleristning nr. 7. "Robåt".
Foto: Bjarte Rømmesmo

 

Vi har brukt svart og raud farge på bileta for å gjere ristningane synlege.

 

LABYRINTAR.

Labyrint 1

 

 

 

 

 

 

 

 

www.bealljecohkka.no Bilde:Harald Sunde.

Dette er eit foto av labyrinten på Holmengrå. Den var ca. 10 m i diameter og var bygd opp av steinar og jord. Labyrintar av dette slaget har det vore over store delar av verda. Dei vart laga frå 1000 år før Kristus til fram på 1800talet. I dag er dei fleste borte. Nokre av desse kan vi spore ved hjelp av stadnamn.

Labyrinten har vore bruka

Labyrint 2

 


Revidert 09.05.2006 Rømmesmo/Viktil