Jon Rømmesmo
Skip i bronsealdertradisjon i Danmark
På øya Als i Danmark har ein funne eit slikt skip, som vart datert til ca. 350 før Kristus, altså eldre jernalder like etter bronsealderen. Skipet vart funne i det som nå er ei myr, og det var så godt bevart at danskane rekonstruerte det og prøvde det ut. Det var eit effektivt og godt skip, lettrodd (med padleårar) og ser ut til å ha vore eit krigsskip, som var erobra av danskar og sia ofra til gudane – senka ned i ein liten innsjø. Det var lagt krigs- og kjøkenutstyr i skipet – utstyr for ca. 100 personar. Åtaksstyrken kunne ha vore på 4 sånne skip som Hjortspringbåten.
Skipet var bygd opp av lind, med ein ”kano” i botn, og så var det sydd på med snor av lindebast to breie fjøler på kvar side. (Lindebast var kanskje ikkje sterk nok til eit havgåande skip.) Slår du opp på Hjortspringbåden på internett, finn du foto av båten. Du kan og finne ein videosnutt der båten blir padla fram. Padlarar kunne ro ein båt som denne tvers over Tyrifjorden, frå Berget til Tyristrandsida på ca. 45 minutt.

I parantes til slutt:
Flåten og stokkbåten kom sikkert først. Men det er også ei lang historisk utvikling bak dei båtane vi ser på helleristningane ved Berget i Hole. Danskane rekonstruerer no eit skip frå 1600 år før Kristus, Rørbyskipet. Det liknar og på våre skip frå Berget; men dei, som rekonstruerer skipet, (Hjortspringbådens Laug) meiner det var trekt med skinn i staden for å ha sideflater av trebord. Vi finn båttypen på eit bronsesverd frå Danmark.
Hjortspringbådens Laug, Danmark
Skipet med prins Henrik.
Foto: Weile, Sebbe Als.
Hjortspringbådens Laug.
Fra Åbenrå fjord.
Foto: Otto Uldum
09.02.2006 Rømmesmo/Viktil